Draumestipend til skrivetalent
Svanhild Amdal Telnes (18) frå Seljord er ein av hundre i landet som får draumestipend på 10.000 kroner av Norsk kulturskuleråd og Norsk tipping.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
For tredje året på rad går eitt av dei 100 draumestipenda til utøvarar frå Seljord kommune. I 2010 var det solisten Ingrid Ytre-Arne som fekk stipend til å utvikle draumane sine. I fjor var fiolinisten Håkon Aase frå Flatdal blant dei utvalte. Onsdag blei det offentleggjort at den unge tekstforfattaren og diktaren Svanhild Amdal Telnes får 10.000 kroner av Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping.
Drøymer om å leve av skriving
18-åringen har drive med skapande skriving sidan ho var 14, og ynskjer å halde fram med dette parallelt med studiar og jobb.
– Den absolutt største draumen min er sjølvsagt å kunne leve av skrivinga, men i fyrste omgang ynskjer eg å utvikle meg steg for steg og har det som eit mål å få produkta mine publisert, anten i dikt- eller romanform, skriv ho sjølv i presentasjonen på drømmestipendets heimesider.
Ho vil bruke stipendet på seminar og kurs som kan utvikle henne som skribent, og ynskjer også å møte ein forfattar for å få vite meir om korleis det er, og for å få inspirasjon.
Vil fremje nynorsk
Amdal Telnes har to gonger blitt kåra til månadens poet på Dagbladets ungdomssider Skulekammeret, og også blitt nominert til same tittel på Diktkammeret, eit tilsvarande opplegg for vaksne, ein gong.
– Tema eg skriv om varierer frå samfunnsproblem til enkle kvardagshendingar, men eg ynskjer å på ein eller annan måte påverke og gjere noko med lesaren. Eg ynskjer å skrive om ting folk kan kjenne seg att i, og målet er at lesaren skal føle at diktet var skrive akkurat for han/ho.
Mesteparten av det eg skriv er på nynorsk, og eg har eit håp om å bruke litteraturen for å fremje nynorsken, skriv ho i presentasjonen.