Utfordrande utveksling
Mange folkehøgskular tilbyr praksis i utlandet. Elevane frå Holtekilen folkehøgskole fekk fire utfordrande veker på ein barneskule i Sør-Afrika.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Borna slenger seg rundt halsen på Sabine Gauti (23) og dei andre norske jentene når dei kjem inn i skulegarden. Dei siste fire vekene har ho og resten av klassa vore assistentar på Tshimollo Primary School i den fattige townshipen Mamelodi utanfor Pretoria.
– Det er bra at vi er her så lenge slik at vi får oppleve Sør-Afrika ordentlig. Her på skulen blir vi kjent med sørafrikanarar, og får eigne inntrykk, seier Sabine Gauti.
Vil dele kvardagen
Medan mange folkehøgskular tilbyr klasseturar og besøk til prosjekt i utlandet, vel nokre å gje elevane eit lengre utanlandsopphald der dei får jobbe som frivillige. Ein av desse er Holtekilen Folkehøgskole.
– Vi meiner at den beste måten å lære å kjenne ein kultur på, er å dele kvardagen med folk som bur der, seier faglærar Karin Suizu.
Difor jobbar elevane hennar som lærarassistentar fire av dei seks vekene dei er i Sør-Afrika.
QUIZ: Kva veit du om Afrika?
Meir disiplin
Vekene på skulen har vore utfordrande for både dei norske folkehøgskuleelevane og for dei som jobbar der til vanleg. Både forskjellig språk, kultur og syn på korleis ungar lærer best kan vere vanskeleg å hanskast med.
Helene Moss Krona (20) meiner eit lengre praksisopphald er bra fordi dei kjem tettare innpå sørafrikanarar enn vanlege turistar gjer. Samstundes har det vore krevjande å jobbe på ein skule der disiplinen er strengare enn ho er vand med heime.
LES OGSÅ: – Eit år i utlandet – noko for deg?
– Eg har måtta lære meg å vere litt meir streng med ungane. Fyrste dagen blei det for mykje uro, men i no er dei blitt roligare, smiler Helene, før ein av ungane kryp opp i fanget hennar.
(artikkelen held fram under biletet)
SONGLEIK: Sabine Gauti og Silje Jørgensen avsluttar timen med ein songleik.
Godteri og gode idear
Rektoren ved Tshimollo Primary School , Johnny Leshika, fortel at dei norske jentene er til god hjelp fordi skulen har alt for få lærarar til dei 450 elevane.
Han innrømmer at slike tverrkulturelle samarbeid ikkje berre er enkle og at ikkje alle norske ungdommar talkar den sørafrikanske skulekvardagen like godt. Likevel syns rektoren at det har kome mykje godt ut av samarbeidet med Holtekilen.
– Eit år foreslo dei norske jentene at vi burde forby sal av godteri i skulegarden. Etter at vi gjorde det, har det blitt meir ro i timane, fortel han.
LES OGSÅ: – Stor forskjell å læra språk i utlandet
Gjev råd om godt samarbeid
Det finns ingen felles retningsliner for korleis folkehøgskular bør samarbeide med partnerar i utlandet, men Folkehøgskolerådet gjev råd til skular om internasjonalt samarbeid.
– Grunntanken med slike praksisopphald bør vere at ein skal lære om kvarandre, sjå både kulturlikskapar og -ulikskapar, og ikkje minst få prøve ferdigheitene sine og utvikle seg sjølv gjennom dei utfordringane ein møter, seier Brita Phuthi, internasjonal sekretær i Folkehøgskolerådet.
Les fleire artiklar om utveksling her!
I tillegg til å gjere seg kjent med praksisskulen og reglane som gjeld der, meiner Phuthi at det er viktig at begge partar tar seg tid til å sette seg inn i kvarandre sin kultur slik at ein unngår misforståingar.
– Og så må ein vere open for at ein kan gjere ting på ulike måtar, legg ho til.
DISIPLIN: Helene Moss Krona likar seg godt på barneskulen, men seier ho har måtta lært seg å vere litt meir streng.