Mindre utslepp trass vekst

Sjølv om den økonomiske aktiviteten i Noreg auka i fjor, fall utsleppa av klimagassar med 1,6 prosent.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målt per produserte krone, såkalla utsleppsintensitet, gjekk utsleppa ned med 3,5 prosent frå 2010.

Det er første gong sidan 2005 at klimagassutsleppa har gått ned i eit år med økonomisk vekst, viser førebels tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

SSB fortel at utsleppsintensiteten i 2011 var historisk låg. Ein av grunnene til nedgangen er at ein stor del av den økonomiske veksten kom i dei lite utsleppsintensive tenesteytande næringane i fjor. Men også industrien, transportnæringa og olje- og gassutvinninga hadde reduserte utslepp i høve til produksjonen i 2011. (©NPK)

Les òg: Klimautsleppa gjekk ned i 2011