Dei grøne universiteta
– Norske universitet har mykje å lære av USA, meiner leiaren i Greenpeace Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I 2007 lanserte miljøorganisasjonen Ecoamerica ein klimaavtale for amerikanske universitet og høgskular. Sidan den gongen har 677 amerikanske utdanningsinstitusjonar signert planen, der dei forpliktar seg til å leggje opp ein plan for å bli klimanøytrale. Det tyder at institusjonane skal ha null utslepp av klimagassar. Iowa University har teke i bruk soldrevne søppelbøtter som automatisk komprimerer søppel, University of Minnesota utnyttar biogass frå husdyrgjødsel for energi, og Tufts University har fjerna matbrettene frå kantinene og reduserte dermed matavfallet med 30 prosent og elektrisitetbruken med 18 prosent.
Grøne universitet
• Eit universitet er grønt når det blir internasjonalt anerkjent for sine klimatiltak, har mål om klimanøytral campus og når det inkluderer studentane i dette arbeidet.
• Dei grøne tiltaka omfattar mellom anna resirkuleringsprogram, byttebutikkar, utnytting av biogass, byggjing av kraftvarmeverk og lokal, økologisk mat i kantinene.
• 320 amerikanske universitet har så langt fått stempelet grønt.
Oppnådde klimanøytralitet
Green Mountain College (GMC) er eit av universiteta som var tidlegast ute med å møte klimaendringene.
– I 2010 laga vi eit biomasseanlegg som brenn sagflis, og det utgjer 85 prosent av varmen på campus, seier kommunikasjonsdirektør Kevin Coburn ved GMC.
Universitetet ligg i Vermont i USA og er eit framtredande døme på eit grønt universitet. Det er eit av to universitet som har oppnådd klimanøytralitet etter at dei signerte avtalen med Ecoamerica, noko dei oppnådde gjennom utnytting av rein energi og kjøp av klimakvotar. Coburn meiner høgskular og universitet har eit stort ansvar for å fremje ei forståing av klimautfordringane i framtida.
– Vår klimanøytralitet syner at det er mogleg. Effektene av folkevekst og teknologisk utvikling er komplekse, og ei av dei største oppgåvene våre er å førebu studentane på korleis dei kan takle klimaendringane i framtida, seier han.
Utdannast til miljøvennlegheit
Ved universitetet utdannast studentane til miljøvennligheit som ein del av miljøsatsninga. Alle studieprogramma krev at studentane følgjer «Environmental Liberal Arts Program», som tek for seg sosiale, kulturelle og økonomiske aspekt ved klimaendringar og andre miljøutfordringar.
– Slik førebuast studentane til å leve i ei verd der global oppvarming er eit faktum, og dei lærar å utvikle kreative og berekraftige løysingar på miljøproblema, seier Cobourn.
Les òg: Energibevisste ungdomar til NM
Inkluderar studentane
University of Washington har òg signert Ecoamericas miljøavtale, og dei er opptekne av at studentane blir inkludert i klimaarbeidet for å førebu dei på deira eiga framtid.
– I tillegg til ei rekkje konkrete klimatiltak, inneber vår satsning at studentane aktivt skal bidra i forskinga på mellom anna alternativt drivstoff, fornybare energiteknologiar og effektiv design av bygningar, seier Aubrey Batchelor ved University of Washington.
Ho fortel at dei set studentane i leiarposisjonar for berekraftige prosjekt, og at dei har brukt 300 000 dollar på slike prosjekt det siste året.
Batchelor meiner at utdanningsinstitusjonar er ein unik arena for å fremje miljøvennlegheit, og at dei har høve til å lære studentane meir om klimautfordringane.
– Klima bør vere ein høg prioritet på alle universitet, seier ho.
Les òg: Europas grøne batteri
Grønt tiltrekk studentar
Begge universitetsrepresentantane trur at miljøtiltaka gjer universitena meir populære.
– I tillegg til at ein bør vere grøne for miljøet si skuld, hjelp det i rekrutteringa av nye studentar. Å satse på miljø fungerer som eit verkty for å tiltrekke seg studentar, seier Batchelor.
Coburn ved Green Mountain University er samd.
– Det er klårt at vi blir eit populært universitet når vi har mykje fokus på noko som engasjerer så mange, seier han.
Les òg: Gler du deg til null utslepp?
– Burde bli teke til etterfølgje
Leiar Truls Gulowsen i Greenpeace Noreg meiner liknande tiltak burde setjast i gang på norske universitet, og at innsatsen til universiteta er heilt avgjerande om ein skal klare å skape ei miljøvennleg framtid.
– Universiteta har det som må til av ressursar, forsking og engasjerte studentar. Det er viktig at studentane får sjå at miljøtiltak verkar i praksis, slik vi ser hjå Green Mountain College, seier han.
Han trur grøne universitet er populære for studentar som ynskjer å gjere ein skilnad.
– Mange som søkjer høgare utdanning ynskjer å bidra til å gjere noko bra for samfunnet. Eg er overtydd om at grøne universitet tiltrekk seg dei beste og mest engasjerte studentane, seier han.
– «Grøn stat» er ikkje nok
I 2005 lanserte den norske regjeringa prøveprosjektet «Grøn Stat», med mål om at alle statlege institusjonar skulle innføre handlingsplanar for klimakutt. I 2006 vart det oppnemnd ei miljøleiing ved NTNU for å betre miljøprofilen til universitetet, men dei har fått kritikk for ikkje å vere grøne nok. Leiaren for Greenpeace Noreg trur at utdanningsnoreg kan ha mykje å lære av USA.
– «Grøn Stat» er diverre ikkje nok. Det finst fleire gode intiativ ved fleire institusjonar i Noreg, men det er ingen som skil seg ut med heilskaplege miljøtiltak i praksis, slik som i USA, seier han.
Faktaboks
Grøne universitet
Eit universitet er grønt når det blir internasjonalt anerkjend for klimatiltaka sine, har mål om klimanøytral campus og når det inkluderer studentane i dette arbeidet.
Dei grøne tiltaka omfattar mellom anna resirkuleringsprogram, byttebutikkar, utnytting av biogass, byggjing av kraftvarmeverk og lokal, økologisk mat i kantinene.
320 amerikanske universitet har så langt vorte stempla som grøne.