Faremo vandra med nattuglene
Justisministeren overraska ungdommen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Justisminister Grete Faremo (Ap) vart med nattuglene i Sogndal ut på ei lita vandring i sentrum natt til 1. mai.
Helste på eldsjeler
– Det blir spennande å ta ein tur. Eg har vore med som natteramn før, men ikkje her. I Oslo har eg vore med både som forelder og politikar, sa Faremo før nattevandringa. Ho helste først på eldsjeler blant nattuglene, vaksne som vandrar ute for å passa på festande ungdom.
Trygge rammer
– Det viktigaste er at her er det engasjerte vaksne som vil bidra til at ungdom får trygge rammer, seier Faremo. Så la følgjet ut på ein kort rundtur i Fjøra litt over klokka 23. Då var det enno ikkje blitt folksamt i sentrum. Dei som var der og som Faremo helste på, fekk i alle fall ei overrasking.
Ein jentegjeng som grilla på kaien vart overrumpla, men fekk summa seg og baud statsråden på pølse og lompe.
Faremo var i Sogn i samband med at ho skulle delta på 1. mai-markeringane i både Vik og Sogndal.