Her er årets lokalavis

Dalane Tidende er kåra til årets lokalavis.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avisa tok i mot prisen under Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Kristiansand i helga.

Om vinnaren seier juryen mellom anna: Dalane Tidende representerar framtida. Det er ei moderne og heilstøypt lokalavis som prioriterar unge lesarar. Avisa sin unge profil set ein høg standard som løftar dei til eliteklassa både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er ikkje få aviser som burde ha Dalane Tidende som førebilete.

Dalane Tidende kjem ut i Egersund. Avisa hadde eit godkjent opplag i 2011 på 8160. og gler abonnentane sine kvar måndag, onsdag og fredag. Journalist Keth Odland takka for prisen, og uttrykte stor glede for å vera den utvalte i den store, og stadig veksande LLA-familien.

– Det er overraskande, men sjølvsagt svært gledeleg. Eg trur ikkje vi har gjort noko ekstraordinært det siste året, men det er tydeleg at hardt og målretta arbeid over tid har betalt seg godt.

Tidlegare stortingsrepresentant for Venstre, Gunnar Kvassheim, er redaktør i Dalane Tidende.

Andre prisar
Askøyværingen og Solabladet fekk heiderleg omtalar i Årets lokalaviskonkurranse.

På LLA sitt landsmøte i Sørlandsparken i Kristiansand blei også følgjande andre prisar delt ut:

Årets lokalavisfoto: Bladet Sunnhordland
LLAs journalistpris: Arild Bjørnbakk, Saltenposten
Marknadsprisen: Hallingdølen
Årets lokalavisside: Bygdanytt

Dessutan fekk Bø blad pris for beste valdekning av fjorårets kommunestyre- og fylkestingsval. LLA og lokalavisene har gjennom prosjektet Ung & engasjert dei siste tre åra hatt ekstra fokus på unge sitt engasjement i lokalmiljøet.

Landslaget for lokalaviser er organisasjonen for over 110 av avisene i Norge.