Klimaforskar: Oppvarminga på Svalbard seks gonger større enn globalt

Ferske klimatal viser at temperaturane på Svalbard har vore høgare enn gjennomsnittet dei siste ni åra. Sidan 1961 har temperaturen auka med 5,6 grader.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klimaendringane på Svalbard er dramatiske. Oppvarminga her er seks gonger større enn den globale temperaturauken, seier klimaforskar Ketil Isaksen ved Meteorologisk institutt (MET).

Ketil Isaksen. Meterorologisk institutt.

Temperaturen på Svalbard har stige med 5,6 grader sidan 1961. Til samanlikning har temperaturane globalt gjennomsnittleg stige med 0,9 grader i same tidsrom.

Ingen andre stader skjer oppvarminga på kloden raskare enn i Svalbard-regionen.

Tre gongar høgare temperaturauke enn i Oslo

Såkalla vinterregn i vinterhalvåret, som tidlegare kom som snø, blir no erstatta oftare av kraftig regnvêr, forklarer Isaksen.

Sidan starten av 1960-talet har temperaturauken vore nær tre gonger høgare enn den har vore i Oslo.

– Enkelte månader har temperaturen i området rundt Longyearbyen vore heile 12–14 grader over normalen. Mange hugsar tørkesommaren på Austlandet i fjor, og til samanlikning låg temperaturen då «berre» 3,2 grader over normalen på Blindern, seier Isaksen.