Først med alt om statsministrane
Her finn du mellom anna kven som er yngste og eldste statsminister og kva utdanning dei hadde.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny milepæl for Allkunne
Det nynorske, digitale oppslagsverket Allkunne, publiserer no ein komplett serie med biografiar over norske statsministrar på nynorsk. Biografiane er skrivne av den profilerte, mangeårige politiske redaktøren i Sunnmørsposten, Harald Kjølås. Prosjektet har kome til gjennom eit samarbeid med Samlaget og Statsministerens kontor.
– Dette er eit viktig demokratisk prosjekt. Å kome tettare inn på norske regjeringssjefar gir ny kunnskap om Noreg som nasjon. Vi får innblikk i både skjebnar, konfliktar og politisk spel, og vi vert kjende med mennesket bak tittelen, seier dagleg leiar i Allkunne, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Bileta som er knytt til artiklane, har tidlegare aldri vore vist for eit allment publikum. Bileta hang i Høgblokka fram til 22.juli, og er no digitaliserte og flytta. Allkunne er dei første som publiserer bileta digitalt. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er svært glad for samarbeidet med Statsministerens kontor.
Bak arbeidet ligg eit omfattande kjeldearbeid, og lesarane får også presentert oppdaterte statistikkar knytt til regjeringar og statsministrar i Noreg.
– Allkunne er eit gratis, digitalt oppslagsverk med kvalitetssikra tekstar. Vi er eit motmaktprosjekt og gir lesarane nynorsk kvalitetstekst, i ei tid der internett fløymer over med usikra informasjon og artiklar.
Les òg: – Wikipedia bryt åndsverkslova