Vil gi unge ei stemme inn mot makta
Nyvalt leiar av Nasjonalt ungdomspanel, Mads Adrian Hansen, meiner me bør snakka meir om demokratiet vårt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Tar demokratiet for gitt
Kvifor er det bruk for eit Ungdommens storting og Nasjonalt ungdomspanel?
– Det er behov for organ i den konsultative kanalen på nasjonalt nivå for å gi ungdom ei stemme mot makthavarane. Ungdom er ei gruppe som ikkje får mykje fokus i det politiske landskapet, blant anna fordi veljarmassen er så liten, og difor er det viktig at ungdom får høvet til medverknad i andre kanalar.
Les meir om Ungdommens storting her!
Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte kjem fram til dei som styrer?
– I eit representativt demokrati vil dette alltid vera ein utfordring, men god dialog med ulike samfunnsgrupper er viktig. Ulike fora på internett er også viktig, fordi det er enklare å meina viss ein ikkje treng å stå på ein talarstol for å gjera det.
Bør Ungdommens storting konsentrera seg om reine ungdomssaker, som skule, helsestasjon og fritidstilbod? Eller bør ein også uttala seg om saker som får konsekvensar for dagens barn og unge når dei blir vaksne – som til dømes økonomisk politikk og miljø og klima?
– Ungdommens Storting bør konsentrere seg om det ungdom er opptatt av. Det er ikkje då sagt at tema som økonomi og klima er utelukka – eg lar meg stadig imponera over engasjert breidda til engasjert ungdom.
Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?
– Eg engasjerte meg fordi eg ble introdusert for Tvibitfilosofien som 14-åring. Tør å gjera ein forskjell og forandra verda appellerte til meg – det er enkeltmenneske som skaper.
Kva saker er det du brenn for?
– Demokratiet har alltid interessert meg. Det er alt for mange som tar det, og kor viktig det er, for gitt. Eg synest svakheiter ved, og vidareutvikling av, demokratiet er viktig å ha fokus på. Det er kanskje difor eg har brukt så mykje tid på medverknadsorgan.
– I tillegg har alltid psykisk helse og god, tilrettelagt utdanning vore blant mine hjartesaker.
Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar?
– At det er sjølvsagt at flest muleg skal få delta i demokratiet.
LES OGSÅ: – Eg har skifta meining om stemmerett
Faktaboks
Namn: Mads Arian Hansen
Verv: Leiar av Tromsø Ungdomsråd, Ungdommens Fylkesråd i Troms og Nasjonalt Ungdomspanel
Alder: 17
Heimstad: Tromsø, Troms
Skule: Kongsbakken videregående skole
Favorittfag: Kinesisk
Kva gjer du i fritida/hobby: Dagane går med til politisk og organisatorisk arbeid. I tillegg er eg glad i å reise, både i Noreg og i utlandet. Neste store reise går til Kina i juni. Trenar òg ein del, og bruker mykje tid på å prøve å være morosam på twitter.