Ungdom i Vestland har fått felles talerøyr

Fylkestinget for ungdom i Sogn og Fjordane og fylkestinget for ungdom i Hordaland har no slått seg saman til eit felles fylkesting for ungdom i Vestland.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ser på samanslåing og samarbeid som positivt. Vi blir større og får meir makt, seier ungdomspolitikarane Marthe Teigen Refsnes og Oda Medhus som til no har vore leiar i ungdommens fylkesutval i kvar sitt fylke, til Vestland fylkeskommune.

Teigen Refsnes i Sogn og Fjordane og Medhus i Hordaland. I helga slo dei seg saman til eit felles fylkesting for ungdom i Vestland, fortel Vestland fylkeskommune på eigne nettsider.

Marthe Teigen Refsnes (t.v.) og Oda Medhus.

Betre kollektivtilbod og desentralisert skuletilbod

Sjølv om dei to ungdomspolitikarane er positive til samanslåing, meiner dei at det blir viktig å ta geografiske omsyn og ikkje berre få representantar frå Bergen og Førde.

Viktige saker framover blir mellom anna betre kollektivtilbod for ungdom i det nye fylket og desentralisert skuletilbod.

Les også: Kritisk til at ungdomsråd blir valde av vaksne

Rode Hegstad er styreleiar i LNU. Foto: Lena Rutan Fidjestad / LNU