Fylkestinget sa ja til Vestlandsregionen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sa ja til Vestlandsregionen

Saka var først publisert i Porten.no.

Etter ein lang og til dels krass debatt fall til slutt avgjerda rett før klokka 16.30 onsdag. Sogn og Fjordane skal halda fram arbeidet med samanslåing til ein Vestlandsregion i 2020 slik det er lagt opp til i intensjonsavtalen Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland mellom.

Aleksander Øren Heen (Sp) signaliserte tidleg i debatten at han såg kvar det bar:

– Då var dagen komen for å ta stilling til Sogn og Fjordane si framtid. Eg skal vera heilt ærleg; eg har ikkje sett fram til denne dagen fordi eg er uroa for framtida til fylket. Eg frykta at når ein starta på ein slik prosess så ville det enda her. Eg har vorte kalla både kulturkonservativ og bakstreversk, men det tek eg ikkje så tungt – fordi eg meiner Senterpartiet har folket med seg i denne saka.

Men Arbeidarpartiet, Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet sine 19 stemmer sikra fleirtal for Vestlandsregion.

LES OGSÅ: Fylkesutvalet sa ja til Vestlandsregionen

16 av 26 kommunar har sagt ja
Fleirtalet legg til grunn at eit fleirtal i Stortinget tidlegare i år har sagt at tal folkevalde regionar skal reduserast vesentleg. I vedtaket legg dei også vekt på at dei fleste av kommunane som sende inn høyringssvar til intensjonsplanen, er positive til samanslåing. 16 av kommunane seier ja til Vestlandsregionen, ni seier nei, éin har ikkje levert høyringsfråsegn.

Fleirtalet strekar også under at det er heilt uakseptabelt å dela dagens Sogn og Fjordane i ulike regionar.

Nye oppgåver, desentralisering og nynorsk
Fylkestinget legg intensjonsplanen frå 15. september til grunn for samanslåing – med ein del presiseringar. Ein viktig føresetnad er at sentrale myndigheiter følgjer opp kravet om oppgåver både når det gjeld eksisterande og nye oppgåver.

Ei anna presisering går på at den framtidige administrasjons- og tenestestrukturen må byggja på desentralisering, maktspreiing og prinsippet om å ta heile regionen i bruk. Fylkestinget føreset også at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk, og at regionen gjer vedtak om at staten brukar nynorsk til regionen.

LES OGSÅ: Åtte av ti høyringssvar handlar om språk

Vegen vidare
Fylkestinga i Hordaland og Rogaland handsamar intensjonsplanen for samanslåing neste veke. Om det vert to positive vedtak der, søkjer dei tre fylkestinga Stortinget om samanslåing. Fylkeskommunane kjem då til å førebu gjennomføring i perioden 2017–2020.

Dersom dei to andre ikkje går for Vestlandsregionen, vil fylkestinget at Sogn og Fjordane startar og gjennomfører ny dialog og forhandlingar om ei alternativ regionløysing. Fylkestinget opnar då opp for å invitere også Møre og Romsdal inn i forhandlingar om ei ny løysing, går det fram av ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.