Dyr truga i Arktis

Framtida ser ikkje lys ut for dyrelivet i Arktis, ifølgje norske og amerikanske forskarar, som har samanfatta situasjonen for isavhengige pattedyr i Arktis.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste klimamodellar viser at polhavet kan vere isfritt om sommaren innan dei neste 50– 100 åra. Nokre modellar trur at eit nærmast isfritt polhav kan vere realiteten allereie innan sommaren 2020.

Overvaking
Tap av havis i Arktis har allereie ført til store endringar for visse artar av sjøpattedyr, og framtida vil gi store utfordringar. Miljøvernministeren ønskjer overvaking av marine pattedyr.

– Konklusjonen til forskarane er dramatisk. Den negative utviklinga for dyrelivet som er avhengig av havisen fortel oss noko vesentleg om klimautviklinga. Eg vil understreke kor viktig det er med overvaking av marine pattedyr, både for å kunne følgje utviklinga i bestandane og for å observere effekten av klimaendringane, seier miljøvernminister Bård Vegard Solhjell i ein kommentar.

Vanskeleg for isbjørn
Isbjørn har vore sjølve symbolet på global oppvarming. Forskarane forventar at tapet av leveområde for isbjørn vil vere størst i dei sørlege delane av Nordpolbassenget, og at bestanden vil gå ned med 30– 70 prosent i kommande femtiårsperiode. I tillegg vil sjukdommar og parasittar auke mykje hos sjøpattedyr som lever på havis.

Forskarane viser til studiar som viser at isbjørn har fått redusert utbreiing, lågare reproduksjon og kroppsvekt grunna lange periodar utan is. Isbjørn i Hudson Bay i Canada har auka inntaket av mat frå land, som gjæser, egg og bær. Det fører til nedsett allmenntilstand og dermed lågare ungeproduksjon. Også for visse selartar har mindre havis resultert i lågare ungeproduksjon. Artar som er svært isavhengige, som storkobbe og ringsel, er spesielt utsette.

Innvandring av sørlege kvalartar, noko som allereie er registrert, vil få konsekvensar for dei arktiske kvalartane. Desse må tilpasse seg endra næringskjeder, auka konkurranse om byttedyr og redusert beskyttelse mot rovdyr.

Forskarane understrekar at kunnskapsbehovet er stort når det gjeld situasjonen for økosystema i Arktis. Ytterlegare satsing på overvakingsprogram vil vere nødvendig for å forstå korleis dyrelivet svarar på endra isforhold. (©NPK)

Artikkelen ”Impacts of changing sea-ice conditions on Arctic marine mammals” er publisert i tidsskriftet Marine Biodiversity.  Forfattarar er Kit M.Kovacs og Christian Lydersen frå Norsk Polarinstitutt og James E. Overland og Sue E. Moore frå NOOA, Seattle, USA.