FN-målet om drikkevatn er nådd
Stadig fleire av dei fattige i verda får tilgang til reint vatn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
FN-målet om drikkevatn nådd
FN-målet om drikkevatn til minst 88 prosent av alle i verda innan 2015 er no nådd, viser ny rapport.
Dermed er det første av tusenårsmåla til FN nådd. Rapporten «Progress on Drinking Water and Sanitation» viser at 89 prosent av alle i verda, drygt 6 milliardar menneske, no har tilgang til reint drikkevatn. Innan 2015 reknar ein med at talet er 92 prosent, ifølgje UNICEF.
– Spesielt for born er dette gode nyhende. Dette vil redda mange liv, seier sjef for UNICEF, Anthony Lake.
Kvar dag døyr om lag 3.000 barn av diaré, og rundt 10 prosent av alle sjukdommar er forårsaka av dårleg drikkevatn, opplyser UNICEF.
QUIZ: Kva veit du om Afrika?
Over 780 millionar menneske lever enno utan tilgang til reint vatn.
– Dette er enno svært høge tal, men framgangen som blir meldt om er eit prov på at tusenårsmåla kan bli oppfyllt med vilje, pågangsmot og pengar, understrekar Lake i ei pressemelding.
Utan do, og open kloakk
Den nye UNICEF-rapporten teiknar eit meir dystert bilete av utviklinga av sanitærforhold. Dette tusenårsmålet kjem ikkje til å bli nådd innan 2015 med den utviklinga som er i dag.
2,5 milliardar menneske har ikkje tilgang på toalett eller andre sanitærfasilitetar, og 1,1 milliardar menneske har berre open kloakk.
Alle land i verda plikta seg i 2000 til å oppnå eit sett med utviklingsmål som blir kalla tusenårsmåla, innan 2015. (©NPK)