– Mobbekampanjar er bortkasta

Forfattar Jostein Alberti-Espenes, som gir ut ei bok om mobbing i skulen, meiner mobbekampanjar i skulen ikkje har nokon effekt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bortkasta mobbekampanjar

Alberti-Espenes meiner det er bortkasta å gi pengestøtte til skular som brukar antimobbeprogram som Steg for Steg og Olweus, skriv Aftenposten.

– Slike program kan ikkje løyse relasjonar mellom menneske. Det beste ville vere å bruke ressursane på eit betre læringsmiljø, meiner han.

Trass i at forskarar, politikarar, skuleeigarar og skular har brukt store summar på mobbereduserande program, har omfanget av mobbing vore stabilt dei siste fem åra, viser Elevundersøkinga.

Alberti-Espenes lanserer difor ei heilt ny tilnærming. Han meiner vi må slutte å bruke ordet mobbing så lett, og at det å stemple nokon som mobbarar berre kan gjere vondt verre.

– Vi må slutte å bruke ordet mobbing så lett. I staden må læraren ta seg tid og undersøkje kven som opplever kva av elevane. Du kan kalle det å løyse opp i situasjonen, seier forfattaren som i staden for ordet mobbing snakkar om «krenking».