Nettstafett for å samle tradisjonsmat

No skal den norske tradisjonsmaten samlast på internett. Bygdekvinnelaget arrangerer matoppskriftsstafett.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Matoppskrifter kan vere som eventyr. Ofte er det ei historie bak oppskrifta, og rettene har ofte eit namn knytt til seg, som for eksempel «Maries brun saus», seier nestleiar for Norges bygdekvinnelag, Siri Bruem til NRK.

1. mars startar bygdekvinnelaget ein nasjonal matoppskriftsstafett som skal gå i eitt år. Alle lokallaga til Bygdekvinnelaget blir bedne om å skrive inn matoppskrifter på ei eiga internettside.

Bygdekvinnene hevdar sjølve at dei sit på ein kulturskatt, og at ingen i Noreg kan skilte med same kunnskap om tradisjonsmat som medlemmene deira.

Sesongmat
Men det er visse kriterium for at oppskriftene skal bli kvalifiserte. Ingrediensane til maten skal vere kortreiste, og rettene skal vere tilpassa ein sesong.

– Vi treng ikkje ferske asparges heile året. Vi kan ete det når det er i sesong i Noreg, seier Bruem.

Men ingrediensane skal også vere lett tilgjengelege.

– Vi ser etter kvardagsmat. Alle skal få tak i ingrediensane viss dei er i sesong, seier Bruem.

Inspirasjon for kokkar
Dagleg leiar for Norges Kokkemesteres Landsforening, Ruth-Hege Holst, meiner kokkar kan hente inspirasjon frå damene på bygda.

– Vi synest det er kjekt at nokon tar vare på matkulturen vår på denne måten. Noreg er sett på som eit fattig matland samanlikna med andre land, men vi har også mange gode tradisjonar, og dei er ein del av identiteten vår.

– Kokkar hentar inspirasjon over alt, og kan også hente inspirasjon på internett. Alle kokker er samde om at norsk husmannskost er fantastisk godt om ein koker og lagar han til på ein bra måte, seier Holst.

Bygdekvinnelaget har ikkje bestemt seg for kva som skal skje med oppskriftene etter at stafetten er ferdig, 1. mars 2013, men Bruem meiner dei kan forbli på nettet. Ho er heller ikkje framand for tanken om å samle dei i ei bok. (©NPK)