212 og 2012

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Musikkteater

212 var songen som sende Azealia Banks opp på stjernehimmelen, og 2012 kjem etter alt å dømme til å bli året då ho gneistrar. Men det var i 1991 Azealia vart fødd. Ho voks opp i bydelen Harlem i New York, saman med mora og to eldre systrer. Faren døydde då Azealia var to år.

Som tiåring begynte ho i Tada! Youth Theater på nedre Manhattan i same by. Ho fekk raskt hovudroller – til saman tre – i stykka Rabbit Sense, Sleepover og Heroes. Seinare begynte ho på LaGuardia High School of Performing Arts, ein vidaregåande skule med vekt på song, dans, musikk og teater, der blant andre Nicki Minaj også har gått. (Skulen blir portrettert i musikalfilmen Fame frå 1980.) Den svarte komedien City of Angels, som Azealia var med i då ho var 16, vart noko av det siste ho gjorde innanfor musikalsjangeren. Før fullført vidaregåande hoppa ho nemleg av for å satse som plateartist.

Tøff tenåring
Det var i 2008 Azealia kom med den første singelen sin. Ho var då 17 år, og songen heitte passande nok Seventeen. Diplo produserte Seventeen, som vekte merksemd både i bloggosfæren og hos plateselskapa. Som mykje av det Azealia seinare har laga, er beaten elektro-inspirert og tekstene frekke. Og som ein av svært få kvinnelege rapparar får ho ekstra mykje merksemd for at språket er «skite», med mange banneord.

I 2009 fekk Banks platekontrakt med selskapet XL Records, men braut med det tidleg i 2010 fordi ho var ueinig i måten dei vidareutvikla musikken hennar på. I mellomtida hadde ho gitt ut ein coverversjon av Interpol-songen Slow Hands og gjesterappa på Major Lazer EP-en Lazers Never Die. Ho flytta deretter til Montreal i Canada, der ho jobba vidare på eiga hand – og frustrasjonen etter brotet med XL Records resulterte i to songar som er sinte nok: L8R og 212.

Kulaste person i 2011
Hiten 212 byr på både song og rapping frå Azealia; ho la han sjølv ut til gratis nedlasting september 2011. Seinare kom videoen, der ho stiller med musefletter, Mikke Mus-genser og ein frekk kjeft. Dette tok Banks ut til massane, og til topps på NMEs liste over dei kulaste personane i 2011. I tillegg har songen vore vekesong på BBC Radio 1, og blant Pitchforks topp ti-favorittar i 2011 – men han måtte sensurerast på 40 stader før han kunne spelast på britisk radio.

LES SISTE MUSIKK-NYTT HER!

Mot slutten av 2011 flytta Azealia til London, og ho er no i gang med sitt første album. Ho samarbeider med produsenten Paul Epworth, som blant anna har produsert for Florence and the Machine. Men der er likevel tid til sideprosjekt – januar 2012 kom songen Shady Love, eit samarbeid mellom Azealia og den amerikanske gruppa Scissor Sisters.

I februar 2012 legg Azealia Banks ut på turné i Storbritannia. Det første albumet hennar skal vere ferdig omtrent på same tid. I august spelar ho på Øyafestivalen i Noreg.

Stod først på trykk i Norsk Barneblad!