Streikar mot vikarbyrå-direktiv
LO-organisasjonar krev at hovudregelen i Noreg skal vera faste arbeidsplassar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Me oppmodar klubbane i fagforeininga til å markera motstand mot å leggja til rette for at vikarbyrå, og fleksible former for arbeid, i endå større grad skal bli normalt, seier Sigurd Sævareid på vegner av El & It Hordaland og Sogn og Fjordane.
Han får støtte av Knut Jørgen Kvilhaugsvik, som representerer Fellesforbundet Sunnhordland. Onsdag 18. januar frontar begge to politisk streik.
Krev stabilitet
Poenget er å sikra arbeidsvilkåra i Noreg, særleg for dei unge.
– Dersom EU sitt vikarbyrådirektiv vert innført i Noreg, vert det endå vanskelegare å få fast jobb. Arbeidsgjevar kjem til å stå friare til å bruka innleigd arbeidskraft, seier Kvilhaugsvik.
Han legg til at dei har forståing for at bedrifter må leiga inn vikarar i nokre høve, men han vil ikkje at slik praksis skal bli vanlegare i Noreg enn det det er no.
Utan fast jobb, er det vanskeleg å få både hus- og billån i banken, meiner han.
– Det er viktig at dei unge får planleggja framtida si, seier organisasjonsarbeidaren i Fellesforbundet Sunnhordland.
Appellar på verftet
Markeringa av streiken skal gå føre seg i velferdslokala til Kværner Stord mellom klokka 12 og 13. Det er planlagt appellar og musikkinnslag av Endre Olsen.
– Det er litt spesielt å flytta ein politisk streik utanfor sentrum, men me vil sikra stabile forhold under tak, forklarer dei to.
Begge håpar sjølvsagt at flest mogleg stiller opp.
Spørsmålet om å ta inn vikarbyrådirektivet i norsk rett var ute på høyring i 2010.
LES OGSÅ: Dei som vil byggje landet
– Her kom det inn forslag til fleire punkt som gjev arbeidstakar betre forhold. Det er framleis er mogleg å innføra til dømes betre løns- og arbeidsvilkår for vikarbyråtilsette sjølv om Noreg ikkje innfører direktivet, seier Kvilhaugsvik.
Har ei løysing
Han forklarer at den første setninga i direktivet er positiv.
– Her står det at sjølve formålet med direktivet er å sikra akseptable løns- og arbeidsvilkår for dei vikarbyråtilsette, seier Kvilhaugsvik.
Det er den andre setninga som vekkjer protest, som handlar om vikarbyrå og fleksible formar for arbeidstid.
– Dette er først og fremst motstand mot regjeringa, og ikkje arbeidsgjevarane. Mange arbeidsgjevarar har faktisk sympati for at me går imot direktivet, meiner Sævareid.