Ny leiar i Natur og ungdom
Silje Lundberg (23) frå Harstad krev klimakutt på heimebane frå regjeringa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vala me tek når det gjeld norsk oljeindustri, transportpolitikk og reinsing av punktutslepp er med på å avgjera truverdet vår internasjonalt. Det er på tide at Noreg tek ansvar og gjennomfører klimakutt på heimebane no, seier Silje Lundberg.
Ho vart sundag samrøystes valt til ny ledar i Natur og Ungdom, etter Ola Elvevold som har leia organisasjonen i to år. Silje har vore nestleiar i organisasjonen i to år. Med seg i leiartrioen får ho Mari Winsents (21) frå Kongsberg og Tage Erlend Tellnes (20) frå Haugesund.
Lundberg lovar at Natur og Ungdom sin 7000 medlemmar vil puste regjeringa i nakken i året som kjem.
Krev kutt på heimebane
Regjeringa si varsla klimamelding har vorte utsett fleire gonger og blir no venta å kome våren 2012. Det er kjent at det har vore kamp internt i regjeringa om kor store klimakutt som vil gjennomførast innan for eigne grenser.
Natur og Ungdom vil ikkje venta meir, og krev at regjeringa må slå fast ein sterk klimapolitikk som sikrar ein kraftig reduksjon i klimagassutsleppa.
– Etter klimatoppmøtet i Durban er det berre vorte endå klårare at enkeltland no må ta ansvar. Dette er noko regjeringa må sikre gjennom klimameldingen. Det hastar å redusera klimagassutsleppa, og 7000 ungdomar er klare til kamp mot dei som forureinar aller mest i Noreg, seier Silje Lundberg på nu.no.
Organisasjonen vil satsa på framleis kamp mot oljeindustrien. I tillegg blir vern av viktige naturverdier, energirevolusjon over heile landet og klimanøytrale byar viktige saker i året som kjem.