37 kommunar strauk på inneklima
Dårleg luft, fuktskader, mygl, sopp og roteskade har fått Arbeidstilsynet til å setja foten ned på fleire skular.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
37 kommunar strauk på luft
– Med stramme budsjett i kommunane, er det nok lett å undervurdere vedlikehald av skulebygg, seier rektor ved Vartdal skule i Ørsta.
I ei oversikt utarbeidd av Arbeidstilsynet for Kommunal Rapport kjem det fram at 32 kommunar må betre sine rutinar for å sikre godt inneklima i skulane. I tillegg har fem skular pålegg om å stengje, etter tilsyn i 2010. Kommunane har fått ulike fristar for å ordne opp i situasjonen.
Stått på sakslista i 15 år
Vartdal skule i Ørsta kommune er ein av skulane som får kritikk. På grunn av manglande vedlikehald har skulen sakte, men sikkert forfallen.
– Vi har alltid vore tydelege til politikarane, dette har stått på sakslista dei 15 åra eg har vore her, fortel rektor Roar Rønning til Framtida.no.
Dårleg luft, fuktskader, mygl, sopp og roteskade har prega skulebygga.
– Det er klart at det er ei belastning å arbeide under slike forhold, både for elevar og tilsette.
Gymsalen i dårlegast stand
– Når vi hadde timar i gymsalen måtte vi krysse skuleplassen og parkeringa for å kunne nytte garderoben i symjehallen, fordi delar gymsalen har vore stengt. Slik har det vore dei åtte åra eg har gått her, fortel elevrådsleiar Elias Vartdal (15).
Skulen er kombinert barne- og ungdomsskule.
LES OGSÅ: Tirill har med omn på skulen
Må lide under oppussinga
Denne dagen var gymnastikken utandørs, då gymsalen har blitt riven. Etter at verneombodet kom inn i saka i september i fjor har store delar av ungdomsskulefløya blitt stengt av.
Sopp og roteskade gjorde det uforsvarleg med undervisning i fleire av romma. Men no skal skulen pussast opp.
Elevrådsleiaren har sjølv merka dei dårlege forholda på kroppen.
– Men det er for det meste lærarane som klagar, påpeikar han. Sjølv er han mest oppteken av dei praktiske utfordringane no når skulen vert pussa opp.
– Det er sjølvsagt på tide og bra, men det er for augeblikket trongt om plassen. Sløydrommet har blitt til lærarrom og klassa mi brukar naturfagrommet som klasserom, i tillegg brukar vi biblioteket, fortel Vartdal.
LES OGSÅ: – Skulkar gymmen på grunn av sopp
– Blir ikkje billigare med åra
Rektor ved skulen på Vartdal er ikkje overraska over situasjonen i resten av landet.
– Med stramme kommunale økonomiske budsjett er det nok lett å undervurdere eller stryke vedlikehald av skulebygg. Men det blir ikkje akkurat billigare med åra! Her har det tatt lang tid, men fortgangen starta då delar av skulen har måtte stengje, avsluttar Rønning.
Desse kommunane har fått inneklima-pålegg i 2011, ifølgje Kommunal Rapport:
Fet
Sørum
Grimstad
Gol
Drammen
Lebesby
Alvdal
Hamar
Etne
Kvinnherad
Austevoll
Herøy
Aure
Sunndal
Ørsta
Andøy
Lødingen
Lillehammer
Sel
Oslo
Haugesund
Askvoll
Balestrand
Gulen
Oppdal
Nome
Sauherad
Stokke
Andebu
Holmestrand
Marker
Rømskog