Uvêr vaskar vekk jærstrendene
Meir ekstremvêr gjer at Naturvernforbundet fryktar for framtida til jærstrendene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Uvêr vaskar vekk Jæren
– Over tid kan me risikera at sanddynene blir heilt vekke, seier leiar i Naturvernforbundet i Rogaland, Erik Thoring, til NRK.
Han har den siste tida vore vitne til at sterk vind og høg vassføring har ete seg godt inn på strendene langs Jæren. Fleire stader har sjøen skylt inn langt over det normale og tatt ut store sandmengder.
– Kombinerer du ekstremvêr, hyppige tilfelle av sterke stormar og ein permanent høgare vasstand, som klimaforskarane spår, kan me risikera at Jærstrendene, slik me kjenner dei i dag, forsvinn, seier Thoring.
No er det planten marehalm som bind sanden saman og dannar sanddynene som held sjøen tilbake. Marehalmen er planta nett for dette formålet, men i framtida er Thoring redd at dette ikkje vil bli nok.
– I verste fall kan det bli aktuelt med steinvollar, det er ein barriere som vil fungera mot inntrenging av havet, seier han. Thoring legg til at det ville vore svært trist om det skulle bli aktuelt. (©NPK)