Verre enn venta
Fleire må rekna med å vera utan straum i over 48 timar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skadane på 66 kv lina mellom Jostedalen og Dragsvik er verre enn venta. Folk i Leikanger, Fjærland og Balestrand får neppe att straumen i dag.
– Fjærlendingane må også rekna med å vera straumlause til i morgon, opplyser Tor Yttri i Sognekraft.
– Det er heilt utelukka at dei får att straumen i dag.
Det er spesielt ille mellom Leirdøla og Årøy og arbeidet tek lengre tid enn dei trudde tidlegare på dagen.
Sogndal har straum og Kaupanger vil truleg også få tilgang til straum i løpet av kvelden. Men det vil bli innført rasjonering i kommunen.
– Me har for lite straum til å forsyna heile Sogndal samstundes. Så her prioriterer me liv og helse.
SEND INN BILETE FRÅ STORMEN HER!
Situasjonen på sørsida ser noko betre ut. Feis og vangsnes har fått att straumen, Vik har stort sett hatt straum heile tida.
– Me har mykje godt arbeid framføre oss men vonar at dei aller fleste skal ha att straumen i løpet av morgondagen.
Yttri legg til at røynde folk i Sognekraft aldri har opplevd maken til skader etter uvêr.
– Det var ille i 1992, men dette er langt verre.
Sjekk kva lokalavisene skriv om uvêret: