Lars Ove Seljestad får pris for sin «arbeidarlitteratur»

Odda-forfattar Lars Ove Seljestad får LOs kulturpris 2019.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.06.2019 21:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lars Ove Seljestad får LOs kulturpris for innsatsen sin med å skriva arbeidarlitteratur – og å løfta denne litteraturen gjennom festivalen Jernrosa.

Jernrosa er ein politisk litteraturfestival som vart etablert i 2016 av Lars Ove Seljestad i heimkommunen Odda.

Vanlege hovudpersonar

I talen sin takka førstesekretær i LO, Julie Lødrup, prisvinnaren for sin innsats for at arbeidarlitteraturen vert både skriven og lest.

– Arbeidarklasseliv er like interessante, like verd å skriva om, som liva til øvre middelklasse. Gjennom å gjere vanlege folk til hovudpersonar, skaper Lars Ove Seljestad stoltheit og identitet, sa Lødrup under prisutdelinga i Trondheim måndag.

Seljestad sjølv var overraska over tildelinga.

– Eg visste eg var nominert, men ikkje kor mange andre som var det. Derfor kom dette heilt uventa på meg. Eg er rørt, takknemleg og stolt, seier Seljestad sjølv i pressemeldinga.

Vår bokmeldar har lese Seljestad si siste bok, Snøen stryk ut alle spor. «Allereie frå første side vert ein som lesar sugd inn og blir fortalt innstendig korleis hovudpersonane har det, og grepet fungerer ypparleg,» meiner Elise Solvåg.

Odda-forfattar Lars Ove Seljestad. Foto: Niklas Lello/Aschehoug