FN innfører jentedag

FNs hovudforsamling har vedteke å gjera 11. oktober til verdsjentedagen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I mange fattige land er det større fare for at jenter blir ramma av feilernæring, svolt og sjukdom enn at gutar blir det. Mange jenter blir utsette også for vald eller tvinga til å gifta seg før dei fyller 15 år, ifølgje barnerettsorganisasjonen Plan.

– I mange land er likestilling ein kamp på liv og død. Unge jenter døyr i barsel, jenter blir gifta bort eller arbeider som slavar, seier generalsekretær Helen Bjørnøy i Plan Norge.

– Ein FN-dag gjer at situasjon for jentene blir sett på dagsorden over heile verda kvart år, seier ho i ein pressemelding.

Bjørnøy peikar på at diskriminering av jenter heng nært saman med utvikling og kampen mot fattigdom.

FN-vedtaket om ein eigen jentedag blei fatta seint måndag kveld. (©NPK)