Ny teknologi vil endre liva våre
IBM har laga fem spådommar om teknologiske nyvinningar dei neste fem åra.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Slik får du hjelp av tankelesing
Her er dei fem dei trur vil finne stad innan fem år er omme:
Energi: Menneskekraft
Alt som rører seg kan skape energi. Alle rørsler du utfører, og dei du har ikring deg, vil bli nytta til å gje kraft til alt frå huset ditt til byen din. Dette blir allereie testa av IBM i Irland. Ein liten mekanisme som du har på deg eller festar til sykkelen din når du syklar, til dømes, vil samle energien du skaper.
Aldri fleire passord
Stemmen din eller augeskanning vil kunne verifisere dei fleste passord, om du ønsker deg dette.
Tankelesing
IBM forskar på korleis du kan sette hjernen din i samband med gjenstandar, som datamaskin eller telefon, så du kun treng å tenke for å få ting til å hende. Dette vil òg kunne hjelpe oss med å rehabilitere oss fysisk og til å forstå meir av ulike mentale forstyrringar som autisme.
Det digitale skiljet vil forsvinne
Mobile gjenstandar vil redusere mangelen på tilgang på informasjon i fattige område. Veksande samfunn vil bruke mobil teknologi til å gje tilgang på essensiell informasjon, til dømes helsetenester og mobilhandel. Lagra meldinger kan bli sende for å raskt informere om ver og anna hjelp til folk som bur fjernt frå moderne sivilisasjon eller er analfabetar og ikkje har hatt noko slags tilgang på slik informasjon tidlegare.
Søppelpost vil bli prioritert post
IBM utviklar teknologi som analyserer seg fram til informasjonen du vil ha. Du kan få reservert av billettar til konsert med favorittbandet ditt når kalenderen din syner at du har tid, eller få laga alternative reiseruter når det kan bli dårleg vêr på vegen der du skal reise.
Les meir på forskingsbloggen til IBM her.
LES OGSÅ: Kunsten intelligens