Regjeringa bestiller utgreiing om kutt i norske ikkje- kvotepliktige utslepp

Miljødirektoratet skal greie ut tiltak og verkemiddel som kan kutte norske utslepp innanfor transport, jordbruk, bygg og avfall med minst 50 prosent innan 2030.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.05.2019 20:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tillegg til Miljødirektoratet skal Statistisk sentralbyrå, Enova, Vegdirektoratet, Kystverket, Landbruksdirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat bidra i utgreiinga som skal vere klar innan 15. desember i år.

– Regjeringa har eit mål om å redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa, slik som utsleppa frå transport og jordbruk, med minst 45 prosent i 2030 samanlikna med 2005. Utgreiinga «Klimakur 2030» skal gi oss eit kunnskapsgrunnlag for korleis vi kan ta desse kutta i Noreg, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Utgreiinga skal brukast som underlag for å utarbeide ein plan for korleis vi skal oppfylle Noregs klimaforpliktingar i 2030 når ein avtale med EU om felles oppfylling er på plass.