Teenage Fanclub til Bygdalarm
Arrangørane bak Bygdalarm jublar etter at dei no kan setja Teenage Fanclub på plakaten for festivalen neste år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Draumen om å få eitt av dei viktigaste banda i internasjonal rockehistorie til Bygdalarm går i oppfylling fredag 6. juli 2012», fortel arrangørane.
Bandet er kjent for å ha inspirert grupper over heile verda, ikkje minst med dei karakteristiske fuzzgitarane sine.
Teenage Fanclub er å rekna som eitt av dei første indiebanda i verda. Gjennombrotsalbumet « Bandwagonesque» (1991) fekk bli med på lista over det beste albumet til mange musikkmeldarar då det kom ut.
Teenage Fanclub blei grunnlagt i Glasgow i 1989 og har gitt ut til saman ni studioalbum. Bygdelarm blir arrangert i Øystese 6.– 7. juli neste år. (©NPK)