Skaper fleire leiarar og bedrifter



Entreprenørskap i utdanning gjev mange nyetableringar, viser ny undersøking.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skaper leiarar og bedrifter



Denne hausten har Østlandsforskning undersøkt kor mange i alderen 24 til 25 år som har starta eiga bedrift. Undersøkinga viser at 17 prosent av dei som har drive Ungdomsbedrift (UB) har etablert eiga verksemd, mot 13 prosent elles.


– Arbeid med UB gjev konkret kunnskap om bedriftsetablering, men erfaringa bidreg òg til å utvikla personlege eigenskapar og haldningar.

Tidlegare UB-elevar veit korleis dei skal setje idear ut i livet, og dei gjer det, seier Anne Kathrine Slungård, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Noreg.

Fleire leiarar

Undersøkinga, som er gjennomført på oppdrag frå Ungt Entreprenørskap og Hovedorganisasjonen Virke, viser òg andre spennande funn.


· 33 prosent av tidlegare UB-elevar har leiaransvar i dag – mot 25 prosent i kontrollgruppa.
· 55 prosent av UB-deltakarane meiner dei har naudsynte kunnskapar og ferdigheiter for å etablera eit føretak om høvet skulle dukka opp – mot 41 prosent elles.

· 46 prosent av UB-deltakarane ynskjer å bli sjølvstendig næringsdrivande – mot 39 prosent elles.

– Undersøkinga viser at entreprenørskapsopplæring gir viktige ferdigheter som arbeidslivet har nytte av. Styresmaktene har eit ansvar for å sørgje for at elevar og studentar møter entreprenørskap på alle nivå i utdanninga, seier Vibeke Hammer Madsen, administrerande direktør i Virke og styreleiar i Ungt Entreprenørskap Noreg.

Ny generasjon etablerarar
Ungt Entreprenørskap vart stifta i 1997, og det var dette året den første ungdomsbedrifta starta.


– Dei som har delteke i undersøkinga dreiv ungdomsbedrift for 6-8 år sidan. Det er først no dei er vaksne og vi kan måla effekten av erfaringa deira. Undersøkinga slår fast det vi har sett indikasjonar på i eit titals rapportar: Den norske satsinga på entreprenørskap i skulen virkar, seier Slungård i ei pressemelding frå UE.

Faktaboks

• Ungdomsbedrift er Ungt Entreprenørskaps bedriftsprogram i vidaregåande skule.
• Elevane startar, driv og avviklar sine eige føretak med lærar som rettleiar og ein mentor frå lokalt næringsliv.
• Elevane arbeider ut frå reelle idear og realiserer desse gjennom produksjon, marknadsføring og sal.
• Ei ungdomsbedrift blir registrert i Brønnøysundregisteret via Ungt Entreprenørskap som ei eiga juridisk eining.
• Det var 11.085 elevar som dreiv Ungdomsbedrift i regi av Ungt Entreprenørskap førre skuleår.