Michael Stautland (17) og Erlend Fauskanger Ekberg (18) har undersøkt korleis dataspeling kan betra reaksjonsevnen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me fann at dataspeling hadde effekt på reaksjonsevna for dei som speler 5-10 timar i veka, fortel Michael Stautland og Erlend Fauskanger Ekberg.

Elevane ved Bømlo vidaregåande skule har fått fleire medelevar til å ta forskjellige reaksjonstestar. Forskinga er gjort gjennom prosjektet Holbergprisen i skolen, der elevane har fått opplæring i forskingsmetode.

– Dataspeling kan vera positivt

I mars meldte Danmarks Radio at Forsvaret i Danmark søkjer etter gamerar som flygeleiarar. Gaming hjelper til på både reaksjonsevne, multi-tasking og den romlege forståinga. Bemanningsselskapet Manpower tilrår unge å føra opp gaming på CVen fordi gamerar trener på samarbeid, planlegging og organisering gjennom å spela fleire saman.

– Det er ein god del ungdommar som opplever å få kjeft frå foreldra sine fordi dei speler data. Me ville visa at speling kan føra til noko positivt, seier Michael Stautland.

Les også: Røde Kors: – Krigsbrotsverk i dataspel bør straffast

Skytespel har best effekt

Dei unge forskarane fann at gutar i snitt har betre reaksjonsevne enn jentene, sjølv dei som speler like mykje.

– Me veit ikkje kva dette kjem av, men me laga ein liten teori om at det kan vera fordi desse jentene bruker meir tid på andre typar spel enn skytespel. Det er dei som speler skytespel som har raskast reaksjonsevne i våre testar, seier Michael Stautland.

Sjølv speler han og Erlend Fauskanger Ekberg ein god del sjølv.

– Det går ein del i CS Go, fortel han.

Les også om skulen der e-sport står på timeplanen: – Vi vil skape seriøsitet nok til at det kan bli eit godt konkurransemiljø

Akademiet Vidaregåande Skule i Ålesund

Klasserommet til e-sport-klassen til Akademiet Vidaregåande Skule i Ålesund ser meir ut som eit LAN enn eit vanleg klasserom. Foto: Peder Skjelten