Det internasjonale Røde Kors ber om at spelarar som bryt internasjonale konvensjonar bør straffast.

mm

– Den internasjonale Røde Kors-komiteen meiner at humanitær lov (lova for militær konflikt) høyrer heime i dataspel. Me er uroa for at enkelte dataspel kan føra til kvardagsleggjering av alvorlege brot på reglane for væpna konflikt, heiter det i ein uttale frå organisasjonen.

Bernhard Barrett, ein talsmann for organisasjonen, seier til NBC News at dei ikkje prøver å sensurera dataspel eller øydeleggja moroa.

– Me prøver heller å visa at det er reglar på slagmarka, og at nokre handlingar er ulovlege.

LES OGSÅ: Dataspel reddar ungdommen

Å skyta sivile, tortur, åtak på ambulansar og drap av fangar er ulovleg, og bør difor straffast, ifølgje organisasjonen.

– Me håpar at dei spela som tilbyr eit realistisk bilde av ei moderne slagmark, kan straffa eller lønna spelarane alt etter om ein følgjer reglane for væpna konflikt, seier Barrett til NBC News.

Røde Kors rettar først og fremst merksemda mot realistiske krigsspel, og ikkje fantasyspel.

– Det er ingen grunn til at dei som speler eit par timar kvar dag, ikkje skal læra noko frå denne opplevinga. Dei repeterer handlingane, og øver refleksane sine. Me veit at soldatar også speler desse spela i fritida. Dei rettar seg ikkje berre mot sivile som er utanfor slagmarka. Gjennom spela rettar ein seg også mot framtidige soldatar, dei som skal laga lover i framtida og ta avgjersler – i tillegg til dei som er på slagmarka akkurat no, seier François Sénéchaud ved Det internasjonale Røde Kors.

LES OGSÅ: Elevar får karakterar i Civilization

Sjå meir i videoen under:

Kva meiner du om forslaget? Bør dataspela straffa spelarar som bryt humanitær lov?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE