Får pris for spenstig språk

Journalist Agnes Ravatn får Språkprisen 2011 for god bruk av nynorsk i sakprosa.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Då Språkrådet ringde og sa at eg hadde fått prisen glapp det ut av meg at det må vel vere like prematurt som då Jagland gav fredsprisen til Obama, seier Ravatn.

Tysdag fekk ho Språkprisen, som kvart år blir delt ut av Språkrådet for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Prisen er delt inn i nynorsk og bokmål. Agnes Ravatn fekk nynorskprisen for bøkene «Stillstand» (2009) og «Folkelesnad» (2010), og for arbeidet som spaltist og kommentator i Dag og Tid.

Journalist Morten A. Strøksnes fekk bokmålsprisen for bøkene «Hva skjer i Nord-Norge» (2006) og «Et mord i Kongo» 2010, i tillegg til arbeidet som spaltist og kommentator i dagspressa. Akkurat no er han aktuell i Dag og Tid med Tequila-dagbøkene, ei reiseserie frå grensa mellom Mexico og USA.

– Begge har gjort mykje, men har framleis mykje ugjort, sa styreleiar Ottar Grepstad i Språkrådet før han delte ut prisane.

– Språkleg utagerande
– Vinnaren av nynorskprisen las så mange jenteblad då ho var mellom 10 og 14 år at ho heldt på å bli blind. Men tekstane hennar viser at ho har behalde synet: med eit skarpt blikk for samtidsfenomen og tidsånd kastar ho lys over kvardagsliv og folkelesnad og set det nære inn i større samanhengar, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Tekstane til Agnes Ravatn blir av juryen framheva som både humoristiske og overraskande, nyskapande og språkleg utagerande. Tildelinga overraska likevel prisvinnaren sjølv.

– Då Språkrådet ringde og sa at eg hadde fått prisen glapp det ut av meg at det må vel vere like prematurt som då Jagland gav fredsprisen til Obama, seier Ravatn.

– Eg meiner det, eg har då ikkje halde på så lenge. Men det er fint at det går an å gi ein pris så tidleg i eit skriveliv.

Skatt og dress
I tillegg til 50 000 kroner kunne vinnarane ta med seg heim eit diplom og eit trykk av Kjell Nupen. I takketalen nytta Ravatn høvet til å rett ei ekstra takk til målrørsla.

– Dei har gjort det muleg og naturleg for meg å bruke nynorsk. Eg håpar dei synest det er greitt at vi har ei arbeidsfordeling der eg skriv og dei slåst, sa ho. Agnes Ravatn innrømmer at å få ein slik pris er med på å skylje vekk ein del uvisse.

– Eg må jo tru på at Språkrådet veit kva dei gjer. Men kva ho skal bruke prispengane på, har Ravatn ikkje heilt funne ut av enno.

– Eg kan vel ikkje seie at eg skal bruke dei til å betale ned skatt? Eg skal i alle fall kjøpe ein dress til kjærasten min. (©NPK)