Foreldre må verte flinkare til å prate med born om nettbruk
Ein ny rapport om nettbruken blant norske barn gir kunnskap om korleis barn og unge møter ulike typar risiko på internett. Nokre føler seg trygge, andre blir mobba.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rapporten er laga av forskarane Elisabeth Staksrud og Kjartan Ólafsson ved Universitetet i Oslo. Justis- og beredskapsdepartementet har finansiert datainnsamlinga.
– Vi ser av rapporten at barn og unge for det meste opplever at det er trygt å ferdast på nettet, men også at nokre vert utsette for mobbing, hatytringar og skadeleg innhald. Det er viktig at politiet har oppdatert kunnskap om nettvanane til barn og unge, slik at dei kan jobbe førebyggjande og målretta for å sikre trygge digitale omgivnader, seier fungerande justisminister Jon Georg Dale (Frp).
Les også: Foreslår reglar for bruk av sosiale medium i valkampen
Få snakkar med foreldra
Rapporten viser at ein av fem ikkje snakka med nokon om det som skjedde sist dei opplevde noko negativt på internett. Mange tyr til søsken og venner, men berre ein av fire seier at foreldra snakkar med dei om kva dei skal gjere med negative erfaringar på internett. Veldig få snakkar med læraren sin eller med «nokon som har som jobb å hjelpe barn».
– Foreldre og lærarar må vere dei trygge vaksne som barn tør å opne seg for. Vaksne må tørre å stille dei vanskelege spørsmåla, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad.