Strøymer til Ap og AUF
Så langt i år har Arbeidarpartiet fått over 11.000 nye medlemmer.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nesten 8.000 av desse har meldt seg inn etter 22. juli. Rundt 4.000 ungdommar har meldt seg inn i AUF.
Oslo Ap åleine har hatt ein medlemsvekst på 40 prosent så langt i år, skriv Dagsavisen.
– Det ligg an til den største medlemsveksten gjennom tidene. Mange har meldt seg inn dei siste vekene, så talet endrar seg heile tida. Innmeldingane kom i aukande takt etter 22. juli og etter valkampen, seier Jan Bøhler, leiar i Oslo Ap.
Totalt har Arbeidarpartiet fått 11.214 nye medlemmer i år, der 7.961 meldte seg inn etter 22. juli. Totalt i fjor hadde partiet 49.407 medlemmer.
Partiungdommane i AUF hadde i fjor totalt 9.600 medlemmer. I år har dei registrert 4.000 nye etter 22. juli. (©NPK)