Historisk låge aborttal i Noreg
I 2018 vart det i alt utført 12.380 abortar i Noreg, det er 350 færre enn året før. Den største nedgangen er i dei yngste aldersgruppene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aborttala har dei siste åra vore historisk låge, og dei fall ytterlegare i 2018, viser nye tal frå Abortregisteret i Folkehelseinstituttet.
Fallet kjem av ein markant nedgang i talet på svangerskap blant kvinner under 25 år. Tal frå både Abortregisteret og Medisinsk fødselsregister viser ein tydeleg nedgang i graviditetar blant kvinner under 25 år, både dei ønskte og dei uønskte svangerskapa.
Les også: Seks ting du treng å vite om abort
Flinkare til å unngå uplanlagte svangerskap
– Ungdomskulla etter 2008 har vorte flinkare til unngå uplanlagte svangerskap. Når desse går ned, går både abort- og fødselstala ned, seier overlege Mette Løkeland ved Folkehelseinstuttet.
Tala fell jamt og trutt: I 2017 vart det i alt utført 12.733 abortar i Noreg. Til samanlikning vart det i 2016 utført 13.169 abortar, medan talet var 14.001 i 2015.
I 2018 var abortraten på landsbasis 10,3 per 1.000 kvinner i aldersgruppa 15–49 år. Året før var raten 10,6, og det var ein nedgang frå 11 per 1.000 kvinner i 2016.