Frå Bergen til N.Y.

Ti dagar i New York har resultert i fire musikkvideoar for Razika. – Mange får seg nok ei overrasking, seier gitarist Maria Råkil.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var veldig bra der, men me vart veldig slitne sidan me ikkje er vant til å jobbe slik, seier Maria Råkil.

Også manager Mikal Tellé er nøgd med turen og kan avsløre sangane som ein snart kan sjå video til.

– Jentene har spelt inn video til «Vondt i Hjerte», «Eg vetsje», «Nytt på nytt» og «Taste my dream».

Vil bli internasjonale
Dei fire videoane som har blitt laga vil komme med jamne mellomrom utover vinteren og våren. Den første kjem allereie i november.

– Det som er kult med musikkvideoane er at dei heng saman. Den første leiar til den andre og den andre til den tredje. Alle musikkvideoane er temabasert og dei er veldig forskjellige. Eg kan ikkje sei kva dei handlar om, men mange får seg nok ei overrasking, seier gitaristen.

Tre av videoane er laga av amerikanske produsentar, som blant anna har jobba med The White Stripes, mens den fjerde er laga av Mona Lerche. Men sjølv om jentene synest det var stas å jobbe med dei, er det likevel godt å vere tilbake i Bergen.

– Det blir ein sjokk-overgang når ein kjem heim. New York er veldig hektisk, og først no skjønnar eg kor lite Bergen er, fortel Råkil, som også seier at dei ynskjer å bli meir internasjonale:

– Me har jo lyst å bli eit internasjonalt band, og me er jo litt på veg no sidan me har jobba med amerikanske produsentar.

Viktig imagebygging
Tellé ser at det er viktig med musikkvideo.

– Det som er viktig med musikkvideoar er jo at ein er avhengig av at ting skal skje, særleg gjennom Internett. Ein må promotere seg heile tida og komme med nye ting, seier manageren.

Her får han støtte av dokumentar- og musikkvideoansvarlig ved BIFF, Jan Ingar Grindheim.

LES OGSÅ: Hjartelyd frå 1991

– Det betyr veldig mykje i dag. No som me er i internettalderen blir dette enda meir viktig ettersom å ha ein video liggande ute gjer at tilgjengelegheita blir stor. Blandinga av bilde og musikk kan og bidra til å gjere musikkopplevinga betre. Til og med dei minste banda kan lage musikkvideo i dag, og dette gjer at band får meir publisitet. Demokratisk sett så kan alle lage ein musikkvideo, seier Grindheim.

Han meinar også at ein musikkvideo kan fortelje mykje om bandet.

– Man markerar sitt image. Det er viktig at musikkvideoen framstiller bandet slik dei ynskjer å vere. Musikkvideoen må også treffe målgruppa som bandet vil nå ut til, meinar Grindheim.

LES SAKA I STUDVEST!