Ny studie: Sjølvkøyrande bilar har større sannsyn for å køyra på svarte personar

Autonome bilar kan vera «rasistiske».

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny studie: Autonome bilar kan vera «rasistiske»

Fleire og fleire bilar er utstyrt med kamera og ulike sensorar som skal hjelpa til med å hindra ulukker. Og allereie er det førarlause bussar i rute i Noreg.

Men teknologien som er brukt i sjølvkøyrande bilar kjenner ikkje så godt igjen personar med mørkare hud, kjem det fram i ein studie frå forskarar ved Georgia Institute of Technology.

Forskarane fann fleire feil då dei testa åtte slike system. Systema hadde fem prosent mindre sjanse for å kjenna igjen personar med mørkare hud.

I fjor omkom ei 49 år gamal kvinne i Tempe, Arizona, etter å ha blitt påkøyrt av ein sjølvkørande Uber-bil då ho kryssa vegen.

LES OGSÅ: Førarlause bilar kan ta vekk behovet for motorvegar

Sjølvstyrande bilar: Kven må døy?