No kjem dei første førarlause bussane til Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forus Næringspark i Stavanger har bestilt to førarlause bussar. Dersom eit regelverk kjem raskt på plass, vil dei kunne brukast alt i 2017.

Dei elektriske, sjølvstyrte bussane vil ha ein gjennomsnittsfart på 25 kilometer i timen, og ein maksfart på 40, skriv NRK. Bussane har plass til tolv menneske, og skal gå i ein 4 kilometer lang trasé i Forus Næringspark.

Førarlause køyretøy er ikkje omtalt i det norske lovverket, og det finst ingen føresegner i vegtrafikklova som regulerer bruken. Derfor håpar Forus på å komme i gang med eit pilotprosjekt.

– Med eit pilotprosjekt gåande kan vi også vere med og gi verdifull input i regelverket som skal utformast, seier Stein Racin Grødem, leiar i Forus Næringspark, til Teknisk Ukeblad.

I beste fall er regelverket på plass neste sommar.

Prosjektet er eit privat-offentleg-samarbeid mellom Forus Næringspark, kollektivselskapet Kolumbus og Forus PRT. (©NPK)