Georg Trakl vart berre 27 år – Fosse har gjendikta hovudverket hans
Jon Fosse har gjendikta hovudverket til den austerrikske lyrikaren Georg Trakl.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er diktsamlinga Sebastian i draum frå 1915 som no kjem i nynorsk språkdrakt.
Lyrikaren Georg Trakl var berre 27 år gamal då han døydde, kort tid før Sebastian i draum kom ut.
Sjølv om han berre rakk å gi ut to diktsamlingar blir han rekna som ein av dei viktigaste tyskspråklege poetane. Han var ein sentral figur i den tyske ekspresjonismen.
Då første verdskrigen braut ut vart apotekaren Trakl kalla inn som militærapotekar. Under krigen opplevde han slaget ved Grodek og fekk nervesamanbrot.
Den 3. november 1914 dødde Trakl av eit hjertesvikt etter ein overdose kokain.
Dette er ikkje første omsettinga Jon Fosse har teke fatt på. Sjå Jon Fosse sjølv lesa frå Forvandlinga, som er ein del av SKALD si satsing på nynorske omsettingar av internasjonale klassikarar.
Inspirerte unge Fosse
Ifølgje Samlaget har Jon Fosse vore oppteken av den austerriske poeten sidan ungdommen. Diktdebuten til Fosse inneheldt frie gjendiktingar av Georg Trakl.
«For den unge Fosse var Trakl den store lyrikaren. Han likte sanningane, stemningane, biletspråket, den repetitive musikaliteten,» skriv Samlaget på sine nettsider.
Georg Trakl (1887–1914) debuterte i 1913 med samlinga Gedichte, som han følgte opp med Sebastian im Traum frå 1915.
Dikta har i seg ein markert og unik musikalitet og eit særeige biletspråk, der ikkje minst fargane er viktige, skriv Samlaget.
Les også om Fosse sitt store 1550 sider lange bokverk Septologien, som kjem ut hausten 2019.
– At det ikkje er nokon punktum betyr ikkje at dette er vanskeleg å lesa altså. Eg føler det flyt fint, seier han til nettavisa BOK365.no.