Tener godt på nynorsk
Sjekk inntektstoppen for nynorskingar i kulturlivet!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Maria Parr (30) var truleg den yngste forfattaren i Noreg med millioninntekt i fjor. Tonje Glimmerdal og Vaffelhjarte har erobra hjarta til tusenvis av lesarar på fleire språk, og i dag går andre episode i tv-serie-versjonen av Vaffelhjarte på NRK. Maria Parr har også vist at det går an å tena pengar på barnebøker. I fjor var likningsinntekta hennar 945.670 kroner.
LES OGSÅ: Over 200.000 har sett Vaffelhjarte
Ringreven Edvard Hoem tente berre litt betre, med ei likningsinntekt på 973.943. Den avgåtte forlagssjefen i Samlaget, Tove Lie, tente kring 50.000 kroner mindre.
På formuetoppen er det ingen som er i nærleiken av Jon Fosse med over 6,6 millionar i formue. Kjartan Fløgstad har også til salt i grauten, med vel 826.844 kroner i inntekt og over 3,5 millionar på bok.
Under har me samla eit knippe av dei mest kjente nynorskingane innan kulturlivet:
Namn | Inntekt | Formue | Skatt |
Edvard Hoem | 973 943 | 0 | 452 339 |
Maria Parr | 945 670 | 705 000 | 407 519 |
Tove Lie | 922 594 | 0 | 393 118 |
Kjartan Fløgstad | 826 844 | 3 559 280 | 372 424 |
Eldrid Lunden | 807 429 | 1 142 291 | 265 996 |
Vidar Sandem | 795 226 | 0 | 321 273 |
Ottar Grepstad | 754 415 | 0 | 318 077 |
Olaug Nilssen | 631 159 | 0 | 253 163 |
Jon Fosse | 581 587 | 6 625 833 | 258 484 |
Ragnar Hovland | 580 676 | 820 938 | 230 000 |
Frode Grytten | 489 213 | 0 | 197 012 |
Svein Gjerdåker | 470921 | 0 | 177 031 |
Odd Nordstoga | 427 880 | 12 499 | 172 300 |
Marit Eikemo | 391 858 | 497 000 | 140 826 |
Jan Roar Leikvoll | 199 863 | 1 376 457 | 57 970 |