Fleire seier ja til organdonasjon

Men fortsatt ventar mange på nye organ.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ta stilling til organdonasjon no, oppfordrar helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen i samband med organdonasjonsdagen 22. november.

Aktiviteten på området organdonasjon og transplantasjon har aldri vore større ved utgangen av september enn i år. 82 prosent av pårørande som har blitt spurt om organdonasjon har svart ja per 30. september i år. Tilsvarande tal for i fjor var 75 prosent.

Hittil i år har det vorte realisert 101 donasjonar mot 75 på same tid i fjor. Det har blitt transplantert 387 organ til 350 pasientar hittil i år. På same tid i fjor hadde det vorte transplantert 345 organ til 313 pasientar.

– Det er gledeleg at stadig fleire seier ja til organdonasjon. Men behovet er fortsatt stort. Det er mange som ventar på nye organ, og det er fleire som døyr mens dei ventar. Eg vil oppfordre folk til å ta stilling til organdonasjon i dag. Hvis du ønskjer å vere donor er det viktig at du seier frå til dei som er dine pårørande, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Om lag 208 pasientar står i dag på venteliste for organdonasjon.

Laurdag 22. oktober markerer Stiftelsen Organdonasjon den europeiske donasjonsdagen med 150 stands frå Kristiansand i sør til Honningsvåg i nord. Der kan du få meir informasjon om organdonasjon og donorkort til å ha i lommeboka. Donorkort finn du og på dei fleste apotek og legekontor.