Kåfjord best på born og unge
I dag vart Kåfjord kommune i Troms kåra til årets barne- og ungdomskommune i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kåfjord satsar på born og ungdom. Kommunen tek born og unge på alvor, og er ein kommune som lukkast i å skape eit inkluderande oppvekstmiljø der born og unge får delta og utvikle seg, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.
Statsråden delte i dag ut prisen og gratulerte representantane frå Kåfjord, varaordførar Svein Leiros og Ida Pedersen som er medlem i ungdomsrådet i kommunen.
– De gjer ein veldig god jobb. De har eit godt kultur- og fritidstilbod for born og unge. De legg til rette for at born og unge skal påverke i ungdomsrådet og i barnas kommunestyre. Og de arbeider for at born og unge skal ha eit positivt tilhøve til det fleirkulturelle med fokus på det samiske, kvenske og norske, seier Lysbakken.
LES OGSÅ: Vann pris for å lytta til unge
Kvart år utnemner Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) årets barne- og ungdomskommune.
– Med utnemninga ynskjer vi å løfte fram kommunar som jobbar særleg godt med å betre oppvekstmiljøet for born og unge, seier statsråden.
Utvelginga av årets barne- og ungdomskommune er gjort av ein sjølvstendig jury, under leiinga av Gunhild Grande Stærk, ledar av Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner.