Greenpeace: Ungdom blir lurt inn i oljenæringa
Equinor skal tilsetje 50 nye fagarbeidarar kvart år framover. Greenpeace meiner selskapet «lurer» ungdommane inn i ei næring utan framtid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Når Equinor driv omfattande rekruttering av unge, lurer dei unge og studentar inn i ei næring som ikkje er liv laga for framtida, seier Erlend Tellnes, talsmann for olje og gass i Greenpeace, til NRK.
Organisasjonen meiner utvinninga av olje og gass må bli fasa ut innan 2030 for at ein skal kunne nå klimamåla. Samtidig jobbar Equinor aktivt med å rekruttere nye arbeidarar.
Det er venta at 10.000 av dei tilsette i oljenæringa går av med pensjon dei neste ti åra.
Optimisme
Trass i at tal frå oljedirektoratet viser ein nedgang i sal av gass og olje i 2018, vart det òg gitt 87 nye løyve til utvinning. Det vart òg starta på 53 nye leitebrønnar, noko som var 17 fleire enn året før. Dette gir optimisme i bransjen, skriv NRK.
Greenpeace meiner at Equinor har store moglegheiter for å satse på fornybar energi og grøne jobbar, men at dei vel det bort.
Equinor meiner dei veks innan fornybar energi.
– I år tar vi inn lærlingar innan fornybar, som kan utdanne seg som fagarbeidarar innan offshore vind, seier Rannveig S. Stangeland, kommunikasjonsansvarleg for norsk sokkel til NRK.
Ungdomspanel vil ha unge oljeambassadørar, oljefestival i Oslo og oljenæringa inn i skulebøkene