– Kom med idear til Rampus-filmen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kom med idear til Rampus- filmen

Det kokar i filmbransjen i Hemsedal for tida. Det seier i alle fall Pål T. Rørby, som på mange måtar enno er filmbransjen.

Laurdag 15. oktober håpar Rørby at barn og unge vil møte fram på «Trøll i ord» i Hemsedal bibliotek for å bidra til filmen om Rampus.

– Me har enno ikkje avgjort heilt korleis Rampus skal sjå ut. Kanskje har han også magiske evner, seier Rørby.

Han inviterer alle dei eventyrlystne unge «fagfolka» til å vere med å forme han.

Målet er ein animert langfilm. Prislappen er no kalkulert til om lag 120 millionar kroner.

Førebels er det ein kortfilm, ein pilot, der eit utdrag av handlinga blir presentert, som står for tur. Ramma er fem millionar, og pengane må vere på bok innan desember. Både regionrådet i Hallingdal og Hemsedal kommune har kvar bidrege med 400.000 kroner. Snart er ein tilsvarande sum forhåpentleg på plass frå Innovasjon Norge.

Då manglar berre 4 mill. for å kome i boks.

– Me håpar det finst eventyrlystne og pengesterke selskap som vil vere med, seier Rørby.

Heilt åleine er han ikkje. Produksjonsselskapet Nice View Studio er no etablert, og frå før er Øyvind Steensen engasjert på storyboard. Marius Vibe er inne på manussida. Dei har vore involvert i filmar som «Max Manus» og «NOKAS» og dataspel som «Anarchy Online» og «Age of Conan».

No har også advokat og gründer Bjørn Bergesen blitt med. Han har tru på prosjektet og er inne på eigarsida, men først og fremst med kontaktnett inn i investormiljø.

– Dette er jo eit formidabelt prosjekt og ein enorm idé. Det er dei første millionane som er bøygen. Sidan finst det pengar, seier Bergesen.

Rørby viser i torsdagens Hallingdølen fram nokre av skissene til piloten. Resten vil bli å sjå under helgas «Troll i ord».

– Piloten vil vise breidda i karakterane Jonas og Rampus. Me ønskjer oss ville idear.

– Er ikkje filmideen din vill nok?

– Ein må tore å satse, skal ein kome nokon veg, seier filmskaparen frå Hemsedal.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!