Brende partiprogram i protest
Natur og Ungdom protesterer mot å byggja ut Avaldsnes.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Brende parti- program i protest
Oljefunnet Avaldsnes kan visa seg å vere opp mot 1,8 milliardar fat – betydeleg større enn heile Lofoten, Vesterålen og Senja kombinert. Natur og Ungdom meiner det på ingen måte kan vera automatikk i at funnet skal hentast opp, og reagerer kraftig på at Senterpartiet synest å meina dette. Onsdag møtte Natur og Ungdom Ola Borten Moe, og brann partiprogrammet til Senterpartiet utanfor Olje- og energidepartementet.
Natur og Ungdom viser til at klimaforsking slår fast at rike land som Noreg må la det aller meste av olja og gassen vi allereie har oppdaga bli liggjande viss målet om å bremse oppvarminga ved to grader skal kunne vera mogleg å nå.
Tilsvarar 13 år med utslepp
Olja frå Avaldsnes vil gje klimagassutslipp på over 721 millionar tonn CO2. Dette tilsvarar 13 gonger norske årlege utslepp, eller utslepp lik over 276 millionar bilar.
LES OGSÅ: – Framleis dopa på olje og gass
– Viss monsterfunnet Avaldsnes blir utvunne, satsar regjeringa pengane på at arbeidet med å stoppe klimaendringane vil mislukkast. Konsekvensen blir ein stor auke i utslepp mange tiår inn i dette århundret, seier Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom til NU.no.
Senterpartiets partiprogram går inn for eit lågare utvinningstempo på norsk sokkel, og slår fast at «Ei best mogleg utnytting av felt i drift er god forvaltning, framfor stadig opning av nye felt. Senterpartiet ønskjer ressurssparing framfor finanssparing».
– Tut og køyr
Likevel har olje- og energiminister Ola Borten Moe tydeleg indikert at Avaldsnes-funne skal hentast opp, påpeikar Natur og Ungdom.
– Det finst i utgangspunktet mykje fornuftig i Senterpartiets oljepolitikk. Den politikken Ola Borten Moe fører er likevel noko heilt anna, med ein tut og køyr-haldning som liknar Framstegspartiet, seier Elvevold.