Fleire unge snusarar enn røykjarar

Ein av tre unge snusar regelmessig, viser nye tal. Dermed er det fleire unge snusarar enn unge røykjarar.  

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Det er Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) som har kartlagt bruk av tobakk og rusmiddel blant unge vaksne frå 18 til 30 år. 31 prosent seier at dei snusar regelmessig, og 15 prosent gjer det kvar dag.

Tilsvarande tal for røyking er høvesvis 25 og 12 prosent. Ifølgje undersøkinga er det fleire menn enn kvinner som snusar. 21 prosent av mennene og 10 prosent av kvinnene snusar kvar dag. Men det er fleire kvinner enn menn som røykjer kvar dag. 13 prosent kvinner i denne aldersgruppa røykjer kvar dag. Talet er 11 prosent for menn. 

Som tidlegare undersøkingar har vist, er cannabis det illegale rusmiddelet flest unge har prøvd – med 29 prosent. For både amfetamin og kokain ligg tala på cirka 6 prosent.

Det er 9 prosentpoeng fleire menn enn kvinner som har prøvd cannabis, og nesten dobbelt så mange menn som kvinner som har brukt amfetamin og kokain. Omtrent ein tredel av dei som har brukt stoffa, seier dei har gjort det siste halvår, det vil seie 9 prosent for cannabis, og under 2 prosent for amfetamin og kokain.

 – Det er altså ein vesentleg lågare del som har ein aktiv bruk av cannabis og andre illegale stoff enn som har eksperimentert med dei, seier SIRUS-forskar Anne Line Bretteville-Jensen, som har gjennomført undersøkinga i 2010. NPK