Facebook viktigare enn å treffe vener

Ungdom kan ikkje leva utan internett, og meiner det er viktigare å oppdatere Facebook enn å vera med vener.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 I ei ny undersøking blant unge svarar meir enn ein firedel at det er viktigare å vera oppdatert på Facebook enn å treffa venner. Over halvparten svarar at dei ikkje kan leva utan internett.

Undersøkinga, som er gjort av IT-selskapet Cisco, viser at mange unge ser på internett som like viktig som mat og tak over hovudet. Av funna i den internasjonale undersøkinga går det fram at over halvparten av dei spurde meiner dei ikkje kan leva utan internett, og at internett er ein integrert del av livet deira. To av tre ville valt internett framfor å eiga ein bil, medan to av fem svarar at internett er viktigare enn dating, omgang med venner og musikk.

Meir enn éin av fire studentar meiner det er viktigare å vera oppdatert på Facebook enn festing, dating, musikk eller fysisk omgang med venner. Samtidig viser undersøkinga at dei unge føretrekkjer nye mobile einingar som smarttelefon og nettbrett framfor stasjonære pc-ar, tv, aviser eller bøker. Spørjeundersøkinga er gjort blant 3.000 studentar og unge under 30 år i 13 land. ©NPK