15 nominerte til Folkelarmprisen

15 artistar er nominert til folkemusikken si eiga prisutdeling, Folkelarmprisen. Utdelinga går føre seg 29. september på Riksscenen i Oslo.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse er nominert til Folkelarm- prisen

Dei 15 nominerte artistane er fordelt på kategoriane dokumentasjon, solo, tradisjonelt samspel og open klasse.

– Blant dei nominerte til Folkelarmprisen i år er det både debutantar så vel som gamle ringrevar. Med så mykje kvalitet blant dei nominerte, må dette seiast å ha vore eit godt plateår, seier prosjektleiar Trond Stenseth Moe i ei pressemelding.

Folkelarmprisen og prisen « Årets folkemusikar» blir delt ut torsdag 29. september under det årlege bransjetreffet Folkelarm, som også i år blir arrangert i storstova til folkemusikken, Riksscenen.

På lista over dei nominerte finn me mellom andre Bjørset/Teigland/Hytta med plata « Soli» og Spelemannsvinnar Gjermund Larsen Trio, i tillegg til Karl Seglem som i fjor vann Buddyprisen, den høgste utmerkinga til norsk jazz.

Ny pris
I tillegg til dei fire plateprisane og « Årets folkemusikar» blir det i år delt ut ein ny pris med namnet « Ragnarocktrollet» i regi av foreininga Arven etter Ragnarock.

Prisen tek utgangspunkt i Ragnarockfilmen og ideen som Ragnarockfestivalen i 1973 var eit døme på. Prisen skal heidre det grenseoverskridande og nyskapande med basis i norsk folkemusikk, rock og andre musikksjangrar. Prisen blir delt ut for første gong i år og kan delast ut til både artistar, band, gruppe, komponist, tekstforfattar, festivalarrangør, konsertarrangør og filmskapar.

Bransjetreff
Folkelarm er både ein musikkfest og eit bransjetreff. Over 50 utøvarar fordelt på 18 grupper og solistar er invitert til å spele på årets Folkelarm. I tillegg til utdeling av prisar blir det konsertar, workshops, seminar, filmvisingar, dagarrangement, messe og standområde.

Bransjetreffet vart etablert i 2005 med mål om å marknadsføre norske folkemusikkartistar for den norske og internasjonale folke- og verdsmusikkbransjen.

Folkemusikarar frå heile Norden kan søkje om å få spele på Folkelarm. I år var det over 170 søkjarar og blant desse har ein kunnig jury plukka ut 18 artistar. (©NPK)