Kampen om sommarjobbane er allereie i gang
Færre unge enn før har i dag erfaring frå arbeidslivet, til dømes frå deltidsjobb eller sommarjobb. Men for dei som vil tene seg nokre ekstra kroner er det allereie tid for å leite etter sommarjobb.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi ser at medlemsbedriftene våre allereie er i gang med å førebu seg til sommaren. Derfor vil vi absolutt anbefale ungdom å vere tidleg ute for å kapre draumejobben, seier direktøren for juridiske tenester i Virke, Elin Spjelkavik, til NRK.
Les også: Tips til deg som vil ha sommarjobb
Færre tenåringar har arbeidserfaring
Det skal vere over 300 annonsar om sommarjobb på Finn.no no.
– Dagens ungdom er ambisiøse, dei jobbar hardt og stiller store krav til seg sjølv. Eg trur det viktigaste er å vise at du er ryddig, at du står på og at du er ein ein kan stole på, seier Spjelkavik om sjansane for å få jobb.
Ho skulle gjerne sett at fleire ungdommar såg verdien i ein sommarjobb og at ein ikkje er altfor kresen.
Tal frå Statistisk sentralbyrå fortel at stadig færre tenåringar har erfaring frå arbeidslivet, for eksempel i form av ein deltidsjobb eller sommarjobb. Medan nærmare tre av fire 17-åringar hadde inntekter frå slike jobbar på slutten av 1990-talet, gjaldt dette berre om lag halvparten av 17-åringane i 2015.
Er du på jakt etter sommarjobb? Framtida.no søkjer sommervikarar og skribentar!