Lølandsenteret får 600.000 frå staten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Løland- senteret får 600.000 frå staten

Måndag var stortingsrepresentantane Geir Pollestad og Torfinn Opheim i Suldal med gode nyhende. Dei kunne fortelje Ryfylkemuseet at det er sett av 600 000 kroner til det nynorske barnekultursenteret i statsbudsjettet.

– Vi blei veldig positivt overraska, slår fungerande direktør ved Ryfylkemuseet, Trygve Brandal, fast.

Lølandsenteret har vore inne med positive merknader i budsjettet tidlegare, men nå i avslutningsåret til Løland-markeringa har søknadene frå museet endeleg utløyst midlar til eit meir varig spor etter Rasmus Løland.

– Hurra, seier Berit Reinertsen Sandvik, som er dagleg leiar i Rasmus Løland-stiftinga. – Det er dette vi har jobba for å få til i fleire år. Vi ønskte at noko skulle leve vidare etter at markeringa var over. Vi var veldig usikre på om det ville kome nokre pengar, så nå er vi bare glade.

Suldal-ordførar Torkel Myklebust har også vore opptatt av å få gjort det nynorske barnekultursenteret til verkelegheit.

– Dette har vi jobba for heile perioden, og då er det veldig kjekt at vi får det til, seier Myklebust.

– For Suldal kommune betyr det at vi får ein kompetansearbeidplass til kommunen, og forhåpentlegvis betyr det også at Suldal blir sett på kartet, held han fram.

Han peikar på at dei 600.000 kronene frå staten etter planen skal utløyse 200.000 kroner kvar frå Suldal kommune og Rogaland fylkeskommune.

– Både kommunen og fylkeskommunen har tidlegare uttrykt at dei er samde i ein slik fordelingsnøkkel. Det vil vise seg når dei vedtar sine budsjett, seier Trygve Brandal.

Ryfylkemuseet hadde søkt om 800.000 kroner til ei fagstilling for formidlar med særleg arbeidsområde barn og unge. Stillinga er tenkt knytta til etablering av Løland-senteret, eit senter for norsk barnekultur og litteratur.

– Dette er første steget for barnekultursenteret. Vi håpar etter kvart at vi skal få til fire stillingar, fortel den fungerande museumsdirektøren.

Han sluttar av med å takke alle som har vore med og jobba for at Lølandsenteret skulle kome inn i statsbudsjettet.

LES SAKA PÅ LNK.NO!