Fleire kvinner enn menn i DNT

For første gong i historia er det fleire kvinnelege enn mannlege medlemmer i Den Norske Turistforening (DNT).

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det første året etter at DNT var skipa i 1868, var berre 12 av 223 medlemmer kvinner. Heilt på tampen av jubileumsåret 2018 har pipa fått ein annan lyd. I desember var 50,18 prosent av totalt 315.542 medlemmer i foreininga kvinner.

Les også: DNT trur på ny hyttetrend

Johanne Grue Reiten er leiar i DNT Ung. Foto: Marius Dalseg

Kvinnelege førebilete

Leiaren i DNT ung, Johanna Grue Reiten, trur at moderne kvinnelege rollemodellar inspirerer yngre kvinner til friluftsliv.

– Vi har rollemodellar både i flatt og bratt friluftsliv, og damer ser at damer kan og tør. Der dei kvinnelege forbilda i friluftslivet før var damer som gjekk ekspedisjonar og klatra i dei høgste fjella i verda, finst det no forbilde i friluftslivet som byrja å gå på tur for nokre år sidan og viser fram dei enkel turane, som dei aller fleste kan få til, seier Reiten.

Samla auka medlemstalet i DNT med 2,4 prosent frå 2017. Medlemsveksten er størst i dei yngre aldersgruppene, og DNT ung har hatt ein medlemsvekst på 7 prosent i jubileumsåret. Ungdomsorganisasjonen tel no over 45.000 medlemmer.

Turistforeininga har stått for over 15.700 arrangement i sitt 150. år, og over 81.000 har vore med på vel 4.800 fellesturar. DNT har registrert 1.264.167 personar på tur i 2018.

Les om Moa Hundseid som reiste åleine til Nepal for å læra seg å klatra på 6000 meter høge fjelltoppar:

Moa

Monica Hundseid nyt morgonstunda i hovudleiren. Med toppen i bakgrunnen. Foto: Privat