Protesterer mot blueskutt i Spellemann
Bluesen kan hamne i same kategori som country og danseband.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
At Spellemannkomiteen, etter det som blir sagt , vurderer å slå saman blues, danseband og country i ein og same kategori vekkjer sterke protestar.
Ei aksjonsgruppe på Facebook som er imot ei slik samanslåing, har på under to døgn fått 1.238 medlemmer, skriv Lydverket til NRK. Også Notodden Blues Festival, Norsk Blues Union og bladet BluesNews har sendt inn eit felles brev til Spellemannkomiteen, der dei set spørsmålsteikn ved ei slik samanslåing.
Då Lydverket konfronterte styreleiar i Spellemann AS, Marte Thorsby, med rykta, svarte ho slik:
– Kvart år går me igjennom spellemannkategoriane og vurderer om nokon skal fjernast, slåast i saman eller leggjast til. Dette arbeidet vil truleg ferdigstillast i september. Det er difor for tidleg å seie om me kjem til å gjere endringar i år og kva desse eventuelt vil vere.